Førde kommune er tidlig ute i forbindelse med den kommende skolereformen.


– Førde skal oppleve ein fellesskapsskule der alle har flaks med læraren, seier skulesjef Helge Sæterdal. Han er stolt av at kommunen no tenkjer nytt og ser langt framover i overgangen frå eg-skule til vi-skule.

Vi har sett i gang eit program for kompetanseheving som ein del av kunnskapsløftet vi vil gjennomføre før den nye utdanningsreforma kjem. Vi skal mellom anna utdanne pilotar som skal hjelpe til med endringar rundt om på skulane og i barnehagane, forklarer skulesjef Helge Sæterdal.

Ved «tavla» på Rica Sunnfjord Hotell er det Grete Helle og Tom Rune Fløgstad – eller «Ringer i vann» som dei kallar verksemda si – som har styrt kritet.

-Det er spennande at Førde tør å tenkje nytt og å sjå langt framover. Det er viktig å stake ut ein felles kurs der kvar og ein samstundes får gå i det tempoet som passar, seier Helle og legg til at det eigentleg rår «dramatiske tilhøve» i den norske skulekvardagen i Norge i dag, der elevane «bråkar og kosar seg».

Du kan lese mer om Førde kommune på disse sidene og samarbeidet med Ringer i vann ved å følge denne linken.