Halbrend skule i Førde har tatt i bruk Edward de Bonos 6 tenkehatter i undervisningen.  

Skolen beskriver slik på sin hjemmeside:

”Sist fredag fekk 7.steget ei innføring i eit nytt læringsverktøy, kalla «Dei seks tenkehattane». Med hattar i ulike fargar,kvar med sin fargekode, lærte elevane korleis ein systematisk og grundig diskuterer seg igjennom vanskelege problemstillingar.

«Dei seks tenkehattane» er ein systematisk drøftings-/diskusjonsmetode. I ein diskusjon er det ikkje uvanleg at aktørane tenkjer på fleire ulike sider ved saka samstundes. Nokre er positive, andre kritiske, atter andre stiller spørsmål og ynskjer meir informasjon – alt på ein gong.  Tenkehattane hjelper ein med å skilje dei ulike sidene, og rette fokus på ei side om gongen.

«Hattane» våre er av papir og er laminerte. Dei har ulike fargar, alle med sin kode for når dei skal brukast. Gul er ein positiv farge. Når gul hatt «er på» skal berre det positive ved saka komme fram. Negative sider får ein berre komme med når ein tek på svart hatt. Grøn hatts tenking handlar berre om nye idear. Kva er mogleg? Kvit hatt tek vi på når vi treng meir informasjon om saka. Raud er kjenslehatten. Kva seier magekjensla? Blå hatt er leiarhatten. Når ein er inne i blå hatts tenking kan ein dra slutningar og konkludere.

Vanskeleg? Elevane lærte metoden fort ( 7c kjenner den frå før) og gjennomførte ein konstruktiv og god diskusjon rundt den oppkonstruerte saka: «Gym kvar dag i skulen».  Her skulle dei diskutere kva dei meinar om å innføre ein time gym kvar dag, og med skulestart ein time tidlegare enn i dag. Ein starta med raud hatt (magekjensla) og avslutta med raud hatt. Mange elevar overraska seg sjølv ved å innsjå at den magekjensla dei starta med ikkje var heilt den same som den dei hadde etter at hattane hadde vore i bruk.”